mandag, oktober 02, 2023

Dagbok 2023: 2. oktober


 Klokka er no 18.15, temperaturen ute er + 11 graderC- og det regnar. Det regna då eg stod opp, men så vart det opplett ei stund, før det begynte å regne igjen.

I dag har det vore ein litt tullete dag, men det får våge seg. Vi hadde bestemt at vi skulle fare til Vik i 13 tida, Marit og eg, så før den tid styrte eg litt i huset etc. og så gjekk eg trimturen min på Vernet. Der trefte eg Anders, sonen til Oddrun, som skal begravast i morgon. Eg snakkar ofte med han og dama hans for dei  går mykje på vernet med den store hunden dei har. No fekk eg kondolert han, men han har tre søstre som eg ikkje kjenner, trur eg. Eg ringde til Ragnhild i dag morgon for å høyre korleis vi skulle ordne oss i morgon. Der skal vere to gravferder i morgon, ei klokka 11, og så er det Oddrun si klokka 13. Grava er på den gamle gravplassen ved kyrkja.

Eg syntest ikkje eg hadde høvelege klede sidan vi var oppmoda om å komme på minnestunda, så eg ville kjøpe ein ny overdel attåt den svarte buksa. Marit og eg stilte opp på Aandahls i håpet om å finne noko eg likte . Der er hyggeleg betjening så vi kan bruke den tida vi treng utan å stresse. 

Eg har mange "overdelar " hengande i skapet mitt, men dei er tynne og dei fleste er sommalege. Eg ville ha noko anna i dag, og landa på ein dansk bomullsgenser i lyseblå nyansar.  Veldig enkel , men ikkje billeg. 

Det var snakk om å ha eit smykke for å pynte den litt. Eg har no ikkje så mange smykker, men eg lurte på om eg kunne ha halsbandet som eg fekk til 70-årsdagen- om det passa attåt.- No har eg sjekka og det passar 100 %. Eg har ikkje brukt halsbandet sidan gravferda til Harald, den dagen slitna det, og eg måtte ha det ut att i Fosnavågen og få det tredd om.( Det var dei som hadde laga det.)

Etterpå var vi ein tur på ALTI for eg skulle ha ein paraply og Marit ville handle på apoteket med det samme. Eg kjøpte ein heilt alminneleg paraply, men då eg skulle prøve å slå den opp då eg kom heim att, fekk eg det ikkje til. Viss eg ikkje greier det i kveld eller i morgon, må eg ned att på Nille. Eg skoftar treninga i morgon for å sleppe å stresse.

Det er visst ubegrensa med vatn i skyene i år, eg ser på rosebuskene mine. dei er så høge som dei aldri har vore før, eg tru det er fordi dei har fått så mykje vartn. No ville eg gjerne hatt litt tørke så eg kunne slå plenen ein siste gong før eg spylar klipparen og set den på stallen.

Eg mødest med mykje for tida, det er telefonen, og det er datamaskina som ikkje er som før når eg skal legge inn bilde. Dei tenkjer ikkje på alle oss gamle som får problem kvar gong noko blir endra. 

Eg har ikkje spøt for tida, eg har mykje garn, men ikkje mykje av kvar sort, Men eg kan sikkert få i ho lestepar viss eg brukar litt av kvar, Eg likar ikkje å sjå TV utan strikketøy-

                     Fargane er ikkje heilt som dei skal vere på bildet 



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.oktober

  Klokka er no18.00, temperaturen på trappa er+10 grader." Mye regn" står det på PC-en no, og eg tvilar ikkje. Eg har ikkje vore u...