tirsdag, oktober 24, 2023

Dagbok 2023: 24.oktober




Klokka er no17.20, temperaturen ute er +7 grader C. I dag morgon var det  kaldt og litt is på vegane, men den forsvann fort. Eg køyrde nedover ca 9.30 og det gjekk heilt fint-eg har litt dårleg samvit for dekka mine, men det var ingen problem. Marit var ikkje med på trening i dag, for ho er ikkje heilt i form.EG handla mat på heimvegen for eg hadde ikkje så mykje å bite i på lageret mitt.

Då eg kom heim att gjekk eg ein tur på Vernet, sidan eg skulka i går. Der var det fin sol og mange andre som var ute og gjekk, men ingen eg kjende.
Dåe eg kom heim att laga eg meg mat, i dag vart det brødskiver med  kokt skinke og ost i mikroen. Heilt greitt.

Så vart det jobbing ute i dag sidan veret var bra. Eg klipte ned og hadde i sekk utblomstra  klematis som stod ved kjellardøra og nedanfor tilbygget, for ikkje å seie inne i tilbygget. Både Klemastis og eføy kjem seg inn i tilbygget gjennom sprekker og andre hol. Eg fekk ikkje tatt alt som var inne, for då må eg til med trapp, så det får bli ein annan dag. Med grasklipparen tok eg opp ein god del lauv i dag også- men ferdig er eg ikkje. No fekk eg så mange fulle sekker at no kan eg fare på VØR når som helst. I dag hadde eg ikkje tid , for no treng eg ei stund til å jobbe med spanskleksa til i morgon. (Eg har laga ein tekst sjølv, men så må er lære den utanat- det er det som er problemet.) Eg lærer ikkje så lett lenger. Dessverre. Hukommelsen er heller ikkje i orden, så slik er det. Men det kunne ha vore verre. 
No håper eg på fint ver heile veka - ein "Indian summer"-og neste veke får vi stå opp ein time seinare.






Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...