onsdag, oktober 25, 2023

Dagbok 2023: 25.oktober


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er+ 10 grader og sola skin. Det har vore ein vakker haustdag- vi vil gjerne ha fleire slike. Eg hugsar i fjor då fekk vi det fint i slutten av oktober og utover i november.

Den 25.oktober var bror min sin fødselsdag; hadde han fått leve, hadde han fylt 82 år i dag. I morgon er det Rasmus som fyller år, han blir 59 år. Bodil hadde ein bror som heitte Rasmus, han var fødd den 26.oktober han også. 

Eg var litt  usikker på om den vesle babyen vår skulle ha det namnet, men Nils ville så gjerne  kalle opp att far sin, så det vart Rasmus. At han var fødd på Rasmus, bror til Bodil, sin fødselsdag, var eit teikn på at det var rett. Bror til Bodil vart ikkje så gammal, men vår Rasmus er her. Ja,ikkje her i Ørsta akkurat no, men kanskje kjem han ein tur om ikkje så lenge. Han har kjøpt nye vinterhjul til bilen min, og eg ser fram til å få dei på. Det har vore litt glatt eit par dagar no, men ikkje så mykje at eg merkar det på bilen.

I dag var det spansk-kurs igjen, eg hadde no budd meg godt, men vi kom ikkje så langt at eg fekk "briljere". Alle klagar vi meir og mindre på at vi hugsar dårleg, men at vi hugsar det vi lærde for lenge sidan. Eg påstod at eg kunne første verset på Marseillaisen og då stemte Terje opp og song, med litt hjelp frå meg med teksten. Når eg er på desse kursdagane, tenkjer eg ofte: Her hadde vore tema for ein god komedie.

Då eg kom heim, lessa eg inn i bilen 6 store, svarte sekker med hageavfall og køyrde bort på VØR.. Det var ei stund sidan eg var der sist, så noko av bosset var litt gammalt. Men det blir fleire turar no framover etter kvart som eg klipper ned busker og diverse anna.

Då eg kom heim tok eg på meg Hoka skorne og gjekk ein runde på Vernet i det nydelege veret. Eg trefte ei venninne som eg prata litt med, men elles gjekk eg runden og heim utan noko avbrekk.

Her heime laga eg meg middag av nokre restar etc, og  då eg var ferdig å ete var klokka 16. Så måtte eg sitte litt i stolen med ein kaffikopp , så eg trur ikkje det  blir gjort mykje ute i dag. Det som er litt trasig er at det kjem regn om natta så det blir aldri heilt tørt.

I morgon er det trening igjen, men så er eg "fri" resten av veka.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...