torsdag, oktober 26, 2023

Dagbok 2026: 26.oktober

Klokka er no16.50, temperaturen ute er + 6grader C, og sola skin her hos oss, men ikkje alle har sol lenger no; trur neppe der er sol på Melle der vi budde ein gong.

I dag var det trening 10-11, og eg reiste åleine i dag, Eg håper Marit snart blir så bra at ho kan vere med. Då eg kom heim bytte er skor og gjekk ein runde på Vernet, der var andre som gjekk der også, men ingen eg kjende i dag.

Då eg var heime att var det tid for middag, men i dag vart det berre brødskiver med pålegg. Når brødskivene er heimebakte mettar dei meir.

Planen min i dag var å rydde opp meir i hagen etc. Og eg starta med å prøve å få vekk mest muleg av eføyen som veks voldsomt ute  og  inn i tilbygget. Eg hadde ei gardintrapp som eg brukte inne, men var veldig forsiktig, for eg har ikkje lyst å skade meg. Men eg fekk no rydda ei krå inne i nbygget. 

Men så kom det eg frykta litt, eg hosta og hosta så eg nesten kasta opp og nasen rann. Eg er nemleg allergisk  mot eføy, men det er ikkje alltid det slår SÅ sterkt ut. Eg har alltid ein papirrull i tilbygget,men eg må liksom jobbe litt med plantane før allergien kjem, eg blir ikkje dårleg berre eg kjem nær. Heldigvis har eg allergitablettar, som eg var inn og tok.Eg fekk ikkje vekk så mykje eføy som eg ville hatt, for 83-åringar skal ikkje drive å klatre så mykje, det har eg lært. 

Så eg tok heller og skar ned Klematisen ved garasjen til naboen. Eg har tre like klematis frå samme planten og så har eg to andre. Den rosa står så fint og blomstrar så den får st litt til. Det er ikkje noko som hastar med hagearbeidet, men ein er nødde til å jobbe i hagen så lenge veret er fint. Det er ikkje kjekt å ta det våren etter, og eg er no glsd så lenge eg kan jobbe ute-eg likar det betre enn å styre på inne. Men i morgon er det fredag, og fredagsvasken kan eg ikkje skofte. Dessverre har eg ein rygg som protesterer når eg gjer litt for mykje-og det likar eg ikkje -for eg likar å gruffe på.

I dag er Rasmus 59 år, og eg håper både for min dal og hans at vi kan få feire 60-årsdagen neste år. Eg synest ikke Soolveig og Rasmus er så gamle- men det er litt rart å vere mor til 60-åringar-tida flyg. Mens eg har skrive, har sola gått ned.

Gratulerer med dagen Rasmus! Håper å få sjå deg snart.
 

                                            Mosmarka, den nyaste "bydelen" i Ørsta, 

                             ja litt av Vallabøen er no med på bildet også

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra fri...