fredag, oktober 27, 2023

Dagbok 2023: 27.oktober

Dette var utsikta mi då eg sat på benken, men snudde eg meg litt såg eg bort i "Svartebygda" der vi buddde i 5år.Der skin ikkje sola no.



Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 4 grader C, men det er i skyggen, vi har hatt enda ein nydeleg dag med full sol, men det er kuldegrader om natta, så hausten er her.
 Sidan det er fredag har eg vaska og styra i huset, eg har hatt ut sengklede og golvteppe på soverommet og vaska der, det gjer eg ikkje kvar veke. Eg kjem no igjennom programmet mitt, men det går ikkje fort. Det er ryggen som plagar meg når eg driv og bøyer meg. Men det er no ikkje så farlig, for eg verker ikkje når eg er i ro. Det tok si tid å bli ferdig, men det gjer ingen ting, tid har eg.
Eg tok meg litt mat etterpå, og prøvde igjen på sudokuen som eg begynte på i går kveld. Eg har ikkje fått den til enno.

Eg måtte ta ein tur på Vernet mens det var så fint. Eg trefte folk i dag og, men ingen som eg kjende, før det var ei som stoppa der eg sat på ein benk. Ho kjende meg, og då ho sa namnet sitt, hugsa eg henne også. For ho har eit spesielt etternamn fordi ho er gift med ein mann frå Madagaskar. Vi prata no litt, ho var pensjonist ho også no.
No skal eg ta meg av ein klesvask som eg har tørka i trommelen,  så får eg prøve meg på sudokuen igjen, og så blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden.



Utsikt frå benken mot Svartebygda






 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...