Klokka er no19.36, temperaturen ute er +9 graderC, det er overskya , men opplett akkurat no, men det har regna før i dag. Det er så rart i april månad hadde vi de så fint.Me då det nærma seg 17.mai var det ikkje så fint lenger.Men eg håper og trur no at fineveret kjem att. Eg har så mykje ugjort i hagen at eg treng nokre fineversdagar.
I dag venta eg Einar til middag. Han skal reise til Oslo no og vere der eit par månader og jobbe i avise der. Han ville komme og ete middag med meg i dag, det er slik han gjer det av og til. Eg hadde kjøttkaker i frysaren så det var berre å finne dei fram. Han og eg har i alle år brukt å ha middag i lag av og til, og så får eg vite litt meir om det han skal styre med.Kaffi og is høyrer også med.
Etter at han var reist hadde eg litt husarbeid å få unna, vaska opp i maskin, vaska klede i maskin etc. Det er maskinene som gjer arbeidet, men det skal no ryddast opp og settast på plass etc. Sola var framme ei stund og då fekk eg lyst å gå på Vernet, men så vart sola borte, og det var ikkje fristande å gå ut lenger
Armen min er ikkje så veldig låk lenger, men eg kan ikkje strikke eller gjere så mykja anna heller-, Men eg verker ikkje noko særleg, så det er no bra-Men uansett går dagane altfor fort unna.No håper eg berre at fineveret kjem att.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar