mandag, oktober 23, 2023

Dagbok 2023: 23.oktober



 
Klokka er no16.46, temperaturen ute er + 9 grader og det regnar litt. Det er for så vidt bra ver, men eg ville helst hatt opplett i dag. Faktisk var det bra ei stund utover fløremiddagen. Eg tok med startbatteriet til plenklipparen då eg gjekk ut, og var spent på om eg fekk start, eg fylte på med litt bensin også-og klipparen starta. 

Planen min var å klippe plenen nedanfor huset og få opp noko av lauvet, det gjekk no rimeleg bra, men sjølvsagt fall det stadig nye blad frå plommetreet. Eg fekk ikkje klipt så mykje som eg hadde lyst til, men det er meldt finare ver uti veka. 

Ein ting til fekk eg gjort, eg fekk opna opp for den eldste av kompostbingane, der som eg har berre gras som blir til mold, så no blir det enklare å fylle trillebåra med mold og køyre bort på tomta der "Thujahekken" stod. 

Eg hadde så smått tenkt meg på VØR i dag, men fann ut at eg ville vente til eg hadde litt meir "hageavfall" Det er lenge sidan eg har vore der, men no skal eg snart til å klippe ned diverse plantar, som kjem nye opp av jorda neste år, eg har mange slike. Marit U og eg plar hjelpast åt når vi klipper hekk. Ja, hadde eg ikkje hatt hagen å styre med så veit eg ikkje kva eg hadde funne på- 

Eg rydda litt her og der før eg gjekk inn og fyrte opp i omnen med kvister frå Thujaen som let livet sist sommar. I staden for å kaste heile greia på VØR sat eg ii fleire dagar og klipte dei tynne greinene opp i småbitar. No har eg fyrt mykje i omnen med desse pinnane, men då må eg vere der å passe på. Det brenn voldsomt ei lita stund og så er det å fylle på igjen-så ein kan ikkje gå ifrå. Varmt og godt blir det også.

Eg laga fiskesuppe på laurdag; eg har kjøpt ein kartong med frosen torsk som eg brukar til suppe, eg hadde nok til søndagen også, men i daga laga eg skikkeleg middag med kylling, ris, grønsaker etc. Eg åt sikkert litt for mykje, for då eg sette meg inn i godstolebn etterpå, var det like før eg sovna.

Eg hadde på TV-en og der er det berre mord og krig og all slag ugreier. Eg forstår snart ikkje kva som skjer i verda. Frå min ungdom hugsar eg at det var eit mord i Bergen og det snakka vi om i fleire år.

Bilda mine er framleis høge og smale, men eg driv og lærer meir om det nye bildeprogrammet..



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...