fredag, oktober 20, 2023

Leonardo da Vinci blomstrar enno, og stilkane er blitt kjempelange, truleg for at det har vore så vått.Det er enno søkkvått i graset, så eg veit ikkje om eg får klipt plen og få bort alt lauvet som ligg der


 
Klokka er no16.20 og det
er berre + 6 grader ute, men det er sol og fint. Det har det vore i heile dag.
 
Eg har hatt ein aktiv dag , med fredagsvask + litt meir vask og forsøk på vindusvask. Når sola er så låg som no, vises det på vindua at dei ikkje hadde vore pussa på ei stund. Eg gjorde slik som eg plar. Eg vaskar vindua med Zalovatn og skyller med hageslangen. Det brukar å gå veldig bra, men i dag vart eg skuffa over resultatet, så eg må nok ta det att. Eg fekk vaska datarommet i dag og tørka støv, så hadde eg ut teppet, men kom i skade for å sprute vatn på det, så det lyt få henge ute ei stund.
Middagen i dag vart brødskive med makrell i tomat, den spicy typen. Eg var litt i tvil om eg skulle gå på Vernet i dag, for eg var litt sliten, men tur vart det. Og så vart det å prøve å få tak i bilda eg hadde tatt, det gjekk no på ein måte, men eg veit ikkje korleis eg skal få rette storleiken på bilda.
Eg hadde tenkt at dei skulle komme med varmepumpa no, så hadde eg vel hatt Helge her, og han kan hjelpe meg med det meste -som er elektrisk


Eg likar å ta bilde rett på sola, men då ser det ut som om det er mørkt ute, det er det ikkje.

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...