torsdag, oktober 19, 2023

Dagbok 2023: 19.oktober


Klokka er no16.15,temperaturen ute er akkurat no +8 grader, men inne varmar sola så eg slepp å fyre eller ha på el-omn. Det einaste aberet med sola er at ho avslører kor skitne vindua er på utsida. Eg får sjå om eg kan vaske dei i morgon-men ikkje i dag.
Eg var litt redd for at det skulle vere glatt på vegane i dag, men det var det ikkje-trur eg.Men det vart eit anna problem; sola låg så lågt at eg fekk den midt i augene då eg køyrde nedover. 
Marit og eg hadde kvar sin bil i dag, fordi eg skulle ta vaksine etter treninga. Og det gjorde eg. Eg skulle i grunnen ha vore der i går, men det er ikkje så nøye. I går var der stappfullt og folk stod i lange køar. Ho som vaksinerte meg, sa at ho trudde der hadde vore 1000 menneske innom. I dag var der nesten ikkje kø, og eg fekk ei sprøyte i kvar arm, men eg har gløymt kvar som var covid og kva som var influensavaksine. Det var kanskje litt dumt i tlfelle eg får reaksjon, men det har eg no aldri fått, og eg har tatt alle vaksinane som har vore råd å få.
Etter at ein har fått sprøytene skal ein sitte i ro i 20 minutt, men det har eg aldri gjort. I dag sat eg kanskje i 2 minutt, men der var ingen eg kjende, så eg berre gikk ut og tok bilen og køyrde opp på KIWI. Eg synest det er litt rart at eg treng å handle så ofte, men eg kjøper ikkje noko som eg ikkje treng.
Då eg hadde fått frå meg varene, gjekk eg ein tur på Vernet og i dag var der så fint at eg sat på nesten alle benkane. Då eg kom heim laga eg meg litt mat, og så rydda eg aldri så lite rundt huset, men ryggen protesterte så eg gjekk inn att og sette meg i godstolen med strikketøy og TV, eg sovna ei lita stund, for eg hadde vore tidleg oppe -og vore nokså aktiv.
No har eg funne ut litt meir om bilda på PC-en, det er eit nytt program som dei har lagt inn, så eg finn vel ut litt av kvart framover. Det som irriterer meg mest er at bilda blir så smale. 
I morgon er det fredag igjen, og viss det høver slik må eg ein tur på VØR, her står nokre fulle sekker, men det blir fleire etter kvar når eg begynne å klippe ned diverse plantar. Heile tilbygget er fullt at klatreplantar-inne også. Men eg har fått brent opp ein del hageved, så der er litt meir framkomeleg.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...