mandag, oktober 16, 2023

Dagbok 2923: 16.oktober


Klokka er berre 15.50, men eg får vel ikkje så mykje meir å skrive om i dag. Ute regnar det, og eg prisar meg lukkeleg for at fjorden ligg der og tek imot vatnet som silar ned. 
Då vi var små hugsar eg at vi snakka om søkke-myr, det var noko vi var redde for. No tenkjer eg på søkkemyr når eg går på plenen. Eg går der ofte og hentar opp ved. Då må eg passe på å ikkje gå i same fotefara fleire gonger, for då blir plenen øydelagd.
Sjølv om veret er ufyseleg, ville eg gå runda mi på Vernet likevel. Eg hadde kveikt i omnen og hadde det varmt og godt, og eg hadde jobba litt med spansken før eg kom meg av garde. Bildet over viser korleis det ser ut attmed vegen opp . I sommar var der tusen lupinar som blomstra, dei er visna for lengst men står der som brune stilkar. Men dei er allereide begynt å tenkje på våren, for frå røtene kjem det grøne blad, ja, til og med har eg sett at somme blomstrar for andre gong. Når eg går på Vernet ser eg på alt som veks også, det er eit stort mangfald av plantar sidan jord og grus har blitt køyt til frå mange kantar.
Det kom ein mann køyrande med traktor oppover til topps, snudde og kom ned att. Då hadde alle sauene stilt seg opp attmed grinda og ville vere med heim.Men eg trur han måtta ta dei heim i to omgangar for der var ein flokk att.


Eg gjekk i regnjakke, så eg heldt meg bra tørr, men buksa vart vår, så den måtte eg ha av meg då eg kom heim. Eg kledde meg litt om før eg tok bilen og køyrde ned til ALTI, eg skulle ha nokre tablettar på apoteket.
Men den eigentlege grunnen for å fare nedover var at eg ville kjøpe frosen fisk på SPAR. Eg har gått minst ei veke og tenkt på fiskesuppe, og i dag måtte eg berre ha det. PÅ heimvegen kom eg på to ting som eg hadde gløymt, så eg stakk innom KIWI , Der trefte eg Marit.
Eg begynte på fiskesuppa mens eg pakka ut varene og den blei fort ferdig. Det er ikkje den aller beste fiskesuppa eg har smakt, men god nok. Eg åt og åt, men der vart ein liten slank att-til i morgon ?.
Så måtte eg ha kaffi, men eg trur eg sovna litt framfor TV-en likevel. Det heiter seg at fiskesuppe er sovemedisin, og det trur eg på.
No har eg henta opp meir ved, så eg sparer straum, men den blir vel billeg no?
Så har eg sett litt på TV, men ikkje strikka enno og eg er heller ikkje heilt ferdig med boka. I morgon er det trening igjen, så kanskje eg kan la vere å gå på Vernet då.
No er det + 5 grader ute, og på PC-en står det: Mye regn. Eg håper at vi slepp mykje snø no har vel himmelen tømt seg for vatn.

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...