søndag, oktober 29, 2023

Dagbok 2023: 29.oktober

Klokka er no 15.25, temperaturen på trappa her er +4 grader C. Sola skin enno som ho har gjort i heile dag, men det varer vel ikkje så lenge no, kvelden kjem litt tidlegare i dag enn før i veka. Eg retta alle klokker i går, og pressa meg sjølv til å ligge i ro til klokka var nesten 9 i dag. Eg slapp å vente på sola, den kom på stova mens eg enno sat med frokosten. I går varma sola så godt i stova at eg slapp å fyre eller ha på varmeomn på kveldstid. Eg har enno ikkje fått inn den nye varmepumpa.

Eg hadde ikkje store planar for dagen i dag, men det første eg gjorde var å omsette ein tekst frå norsk til spansk. Det er ingen kunst når ein har Google Translate. Verre er det å lære teksten slik at ein kan bruke den i ein samtale. Eg har no i skuletida mi lært både engelsk, tysk og fransk- men eg synest spansk er vanskelegast. Å lære noko nytt når ein er 80+ er i alle fall ikkje enkelt, men det gjeld å utfordre seg sjølv , så kanskje hjelper det .

Eg gjorde litt husarbeid før eg kledde på meg for å gå tur. Der var veldig mykje folk på Vernet i dag, dei som bur på andre sida av "byen" har ikkje sol lenger, så dei kjem hit til oss på solsida.Eg møtte mange kjende og snakka litt med kvar.

Då eg kom heim laga eg middag, eg hadde skrella poeter før eg gjekk og så laga eg potetstappe og pølser- Den retten har eg ikkje hatt på lenge. Etterpå sette eg meg til å sjå eit program om Prins Henrik av Danmark, eg fekk ikkje med meg begynnelsen, men den kunne eg no ha sett om eg ville. Før i tida var det dei kongelege som var "kjendisar", det er dei ikkje lenger på same måte, men eg er framleis interessert i kongar og dronningar m.m. Dei som er no og dei som var før.

Eg trur sola har tenkt å gå ned om ikkje særleg lenge, men eg håper ho kjem att i morgon.

Eg sit no her og strikkar lester og ser TV uansett kva som skjer ute. Men i morgon har eg heimedag og håper å få gjort litt ute, det er somme plantar som ikkje toler denne kulden, så då er det best å få dei vekk-dei kjem att til våren uansett.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...