mandag, september 12, 2022

Dagbok 2022: 12.september


Klokka er no 16.55, temperaturen ute er + 15 grader og i dag har vi hatt regnbyer. "Takmannen" kom relativt tidleg i dag, og eg forstod det slik at han angra på at han hadde tatt jobben, og det forstår eg godt; men eg er no glad for at han legg nytt tak på huset, det er ikkje så enkelt å få tak i folk som gjer det , Men det var no litt irriterande for han at han ikkje fekk jobba førre veka då det var så fint.

Eg var budd på at det ikkje vart hagearbeid i dag, så eg hadde laga meg ein annan plan. Når eg har planen klar får eg gjort det eg skal. I dag gjorde eg først noko som eg synest er veldig lite populært; eg vaska og rydda heile kjøleskapet. Det var ikkje så kjekt, men veldig OK når eg var ferdig.

Men eg hadde meir tid, så eg gjekk ned i kjellaren og henta opp to bæreposar med frosne plommer frå i fjor haust. Eg kokte sylte av vel 5 kilo plommer. Det var ikkje slik at eg hadde bruk for sylta akkurat no, men eg treng plassen i storefrysaren viss eg skal få tømt garasjefrysaren- for den skal eg snart koble ifrå.

Då eg var ferdig med sylta var det tid for litt middagsmat, det vart oppvarma graut i dag og det var heilt OK.  Etter at eg hadde ete vart det ein episode av "The Crown" -eg synest det er kjekt å sjå den om att.

No har eg eit par jobbar igjen i dag. Eg skal ta inn post til naboen og ev.vatne blomstrane, og så skal eg flytte litt av det som er i garasjefrysaren inn i storefrysaren i kjellaren. 

Det har vore litt huskaldt dei siste dagane og i dag hadde eg på varmepumpa ei lita stiund. Elles fyrer eg i omnen med diverse fjølebitar, men ikkje mens det er folk på taket.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...