søndag, september 11, 2022

Dabbok 2022 : 11.september (Nine-eleven)


Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 17 grader C. Det er nokså mykje skyer på himmelen, men det er opplett og sola er framme no og då.

Det er ikkje så mykje som skjer her på sundagar. Eg var oppe til rimeleg tid, etter at eg hadde hatt ei uroleg natt med mykje vondt i foten. Det kjem seg når eg begynner å lede på meg. Styrte litt med blomstrane mine etc. før eg gjekk opp og sat ei stund på benken med Marit. Ho sit der når ho passar hunden.

Eg ville gå ein tur på Vernet i dag, men før eg gjekk begynte eg å koke risgraut som eg skulle ha til middag, den var halvkokt og fekk stå og godgjere seg til eg kom heim att- Eg går ikkje fort når eg er på tur, og så sit eg litt på nesten alle benkane, så det går nesten ein time før eg er heime att.


Det er fint å sitte på ein benk og sjå utover bygda; Ørsta har vakse mykje sidan vi kom hit i 1965. Fleire nye "bydelar" har kome til. Eg føler meg etter kvart meir som ørsting enn som eidar. Eg har no budd her mykje lenger enn på Eid.




Då eg kom heim var det berre å gi grauten eit nytt oppkok så var den ferdig. Når eg har kjøpt inn for mykje melk brukar eg å lage graut, og i dag hadde eg poteter att frå i går, så vart det spekepølse med potet og flatbrød til forrett og graut etterpå. I morgon kan eg lage riskrem til dessert viss eg vil. 

Etter middagen i dag såg eg ein episode av "The Crown" på Netflix. Men serien begynte på ein heilt annan stad enn då eg såg den sist. Denne gongen starta det litt før Elizabeth gifta seg. Eg veit ikkje om eg skal sjå heile serien, men det var kjekt å sjå litt akkurat no

Eg synest det er kaldt i huset for tida, men eg fyrer i omnen når eg frys, brenn på bygningsmasse, dvs små plankebitar som er til overs. Sparer på straumen! I går sette eg på oppvaskmaskina, då var det ei veke sidan eg hadde vaska opp sist.Dvs, eitt og anna hadde vel blitt vaska for hand.

I morgon har eg fri på ein måte, trur ikkje det blir plenklipping denne mandagen, tysdag er det trening, onsdag er det pensjonistmøte og torsdag skal eg til legen-då må eg skofte treninga. Eg er bra i rute med hagearbeidet, men har litt på gang enno. Eg er spent på nokre roser som skal til å blomstre no. Eg hugsar ikkje kva dei heiter eller korleis dei ser ut.No skal eg ta ein kopp kaffi og så får eg sjå kva meir eg kan finne på. Må visst ha meg eit spøt snart viss det blir mykje innetid.

Tek kanskje ein tur bort og ser etter om naboen sine blomster treng vatn i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...