onsdag, september 28, 2022

Dagbok 2022: 28.september


 Klokka er no16.20, temperaturen ute er + 19 grader C, og det er stålande sol - og varmt. "Takmannen" kom før klokka var 8 i dag, men eg var no oppe og sat med frokosten.

I dag var det første gongen i haust med Spansk-kurs. Neste veke blir det ikkje kurs fordi huset er opptatt, men eg trur det er den dagen vi skal "feire"eldredagen på kulturhuset. I morgon er treninga avlyst, men Marit G. og eg har fått tilbod om å vere med Marit U. til Stryn, ho skal besøke ein slektning, men vi andre skal no finne på eit kvart, t.d. gå i butikkar og på kafé. Godt å komme seg ut litt.

Då eg kom heim att frå spansken i dag,litt før halv 1, var takmannen borte og bilen var vekk, så no lurer eg på kva som har hendt. Eg går heile tida med frykt for at han skal få låkt i skuldra igjen slik at han ikkje kan jobbe. I går jobba han frå 8.30 til 17.30, det vart kanskje litt for mykje.

Etter at eg kom heim att snakka eg litt med Marit og Marit før eg tok ein tur på Vernet, det var varmt i dag, og då blir eg sånn litt trøtt i beina, men det var  ein fin tur.

Til middag i dag hadde eg tenkt å ha ferdiggrilla kyllinglår med ris til, Eg hadde begge deler i frysaren, men mangla saus, Då fann eg ut at eg kunne ta ein halv pose med "Tikka Masala" frå Toro  til saus, og det vart veldig bra. Eg har både kylling, saus og ris i frysaren til eit måltid til. Det er ikkje alltid like lett og enkelt å lage skikkeleg mat til eitt mennestke, men eg lagar no middag om ikkje det blir kvar dag.

Det er så fint ute no, og eg skulle vel ha gjort litt arbeid i hagen, men akkurat no er det stillstand før eg begynner på haust-onna. Der er ikkje ein gong bær å ete lenger. Og kvelden kjem tidlegare for kvar dag.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...