torsdag, september 08, 2022

Dagbok 2022: 8.september


 Klokka er no 17.06, temperaturen ute er + 20 grader C. Det er mykje skyer på himmelen, men sola kjem igjennom rett som det er.No i det siste har vi hatt det finaste veret i år, og når sommaren ikkje var så god, så er det no fint å få slike haustdagar.

I dag måtte eg fare åleine til treninga, for Marit skulle ha telefonmøte med legen sin. Etter treninga køyrde eg bort på ALTI og gjekk opp i gata til frisøren og bestilte time til i morgon. Eg orkar ikkje å ha så "langt" hår lenger.

Eg tenkte på å fare bort på Plantasjen seinare på dag, men når det ikkje har blitt til denne tid, så blir det utsett til ein annan dag.

Etter ei lita kvilestund gjekk eg ut i hagen. Heile sommaren har eg berre fått gjort det som var heilt nødvendig i hagen, no driv eg litt finpuss, som det sikkert er berre eg som ser. I dag klipte eg gras med hand attmed den store steinen Og rundt plommetreet. Klipte nokre greiner av treet, men må nok ta meir (bildet)

Svartsurbærbuska har eg planta litt dumt. Eg skulle ha planta den oppe på plenen  i staden for i skråninga. No vart eg litt redd for at den kunne bikke over, så eg prøvde å støtte den opp litt. Eg tok spettet og greidde å lage eit stort nok hol til å sette ned ein staur, og surra rundt eit tau. Eg klipte også av nokre greiner, det gjer eg kvart år. Og så fekk eg klipt skikkeleg med kantklipparen. Denne buska planta eg fordi den har så fine haustfargar. Eg hadde tenkt å plante fleire, men det har ikkje blitt enno.  

Eg får ikkje gjort så mykje som eg vil, og det er på grunn av at ryggen min ikkje er god, eg må sette meg ned titt og ofte, men det eg gjer blir no gjort på ein måte og eg likar å halde på med noko mens eg er ute. Eg brukte kantklipparen ein del i dag, men hadde ikkje lang nok ledning til å nå alt. Den lange ledninga ligg frå kjellaren til garasjen der Brubakk har saga si.Eg tok ein tur langs hekken, med kantklippar. Det blir mykje å rydde opp i seinare når Brubakk blir ferdig. No er eg spent på kva tid han kjem att, han sa at han ville komme i slutten av veka. No går det mot kveld og sola skin finare enn ho har gjort før i dag.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...