Klokka er no17.09, temperaturen ute er +16 grader C. Det har regna litt i dag, men no når det går mot kveld er sola framme no og då.
Eg har vore heime åleine i heile dag, men det har eg ingen ting imot- eg har strikketøy, eg har TV og eg har datamaskin og eg har mat. Så då har eg stort sett det eg treng.
Eg var ein tur ute i hagen og åt svartsurbær, og då såg eg at klematisen blomstra , det gjer den no kvart år, men i år såg det ut som om han stod over-det har dei andre klematisane gjort-så langt.
I dag skulle Solveig og Øystein komme heim frå Italia, men eg veit ikkje om dei har landa enno. Dei får no kjøle seg av igjen no.
I dag trudde eg at eg kanskje kunne gå på Vernet ein tur, kanskje foten min var bra nok, men det vart utsett på ubestemt tid-men eg håper at eg kan gå dit om ikkje altfor lenge.
Det er ikkje så mykje å skrive om når det ikkje sker så mykje, men det er no eit lite livsteikn-så alle får vite at eg har det bra -enn så lenge.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar