torsdag, september 10, 2026

Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme.

Eg hadde ingen planar for dagen, men eg kjem no alltid på noko å gjere. For det må eg ha.

Den første oppgåva i dag var å finne att voksduken min. I fjor hadde eg ei veldig ryddeperiode, og eg fann mykje som eg hadde gløymt. Kven skulle tru at eg hadde nokså mange voksdukar, eg hadde no hatt den same på kjøkkenbordet i årevis. No tenkte eg det kunne vere kjekt å prøve litt gammalt /nytt. Og slik blei det, eg har variert litt med dukar siste året. Men så begynte eg å tenkje på den gamle, den var no veldig fin, kjøpt i Kongsberg ein gong i tida. Og eg har leita og leita etter den-og nesten gitt opp. I dag ville eg prøve ein siste gong-og fann den med ein gong. Så no er alt i orden igjen.

Så gjekk eg ut for å finne meir jobb; det vart enkelt,for eg såg no med ein gong noko som var gale; singelen på tunet har nemleg ein tendens til å  fare ned kjellarbakken og legge seg til der. Eg fylte mange bøtter med singel og bar oppatt på tunet. Det var tungt for ei gammal kjerring, men litt fekk eg no gjort. Elles gjer eg ikkje mykje i hagen  no, men litt blir det. Det er snart slutt på svartsurbæra, men eg har fått hatt dei mykje godt i fred for fuglane, merkeleg nok. 

I dag fekk eg melding frå banken om at det nye bankkortet mitt er på veg.

Det var snakk om at eg skulle få vere med Margrete på tur i morgon, ho har fridag denne fredagen. Trur eg.Vi får sjå kva det blir tll.
 

Ingen kommentarer:

Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme. Eg hadde ingen planar for dagen, m...