fredag, september 11, 2026

Dagbok 2026: fredag 11. september


 Klokka er no17.22, temperaturen ute er+13graderC   og det er regn og skodde Men eg har likevel hatt ein strålane dag. Takka vere Margrete fekk eg meg ein skikkeleg lang og god biltur. Vi hadde ikkje bestemt noko på førehand, men som oftast plar vi ende i Honndalen og i Stryn. Og slik vart det i dag også. Men eg synest at tunellane på turen vert lengre for kvar gong, På heimvegen tok vi turen over Krøvelseidet. Trur ikkje eg har vore der etter at eg var med 6.klassingane på overnattingstur og då nærmar det seg 10 år -eller meir. Kjekt å sjå seg om i verda!.

Vi handla som vanleg litt klede på Grodås. og så var vi på kafe Stryn, der vi fekk både rikeleg og god mat. Vi har ein tendens å gjere det samme om att når vi er ute og reiser. Eg synest Margrete er sill som fer og køyrer på den gamle mora si.Og eg set veldig pris på turane

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: fredag 11. september

  Klokka er no17.22, temperaturen ute er+13graderC   og det er regn og skodde Men eg har likevel hatt ein strålane dag. Takka vere Margrete ...