Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +10 graderC , det er overskya og litt regn. Eg har ikkje vore ute i dag, men sete inne og strikka mellom anna, hadde nokre aviser å gå gjennom også. Men så begynte eg å tenkje på mat, så eg tenkte å ta ein tur på butikken -mest for moro skuld.
Men.......så starta ikkje bilen. Eg trudde alt skulle vere i orden no, men eg kjenner meg sjølv, eg er ikkje flink å passe på alt , så det skjer rett som det eg at bilen streikar. Eg gjorde som eg plar, gjekk til naboen og klaga mi nød og han sette batteriet på oppladding, så no håper eg at det var berre det som feilte. Eg gløymer så ofte det eg skal gjere., så eg får problem stadig vekk.Men så har eg no nokså mykje å passe på også-sidan eg er her åleine. No håper eg at det berre var batteriet denne gongen også.
Eg laga meg middag i dag og så har eg strikka fredig eit lestepar, handa er heldigvis bra no så eg kan strikke. Eg har vore heime åleine i dag, men det gjer ingen ting, for eg hadde ein kjekk dag med Margrete i går. Eg har tenkt på det i dag at Stryn er noko for seg sjølv , så mange klesbutikkar har vi ikkje her Ørsta og ikkje så mange bilar heller. Men du vide verda kor mange tunellar vi må gjennom før vi kjem fram. Eg har no reist den vegen mange gongar, men kvar gong blir eg forundra over alle tunellane.Men Margrete er ein stødig sjåfør så eg føler meg trygg når eg sit på med henne.
No er klokka 8 på kvelden og eg har gløymt å sjå nyheiter, får vel meir i løpet av kvelden. Før i tida brukte det å vere laurdagsprogram frå studio i Oslo, no er der ikkje så mykje kjekt på TV lenger. Synest eg. Litt seint å seie GOD HELG , men betre seint enn aldri.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar