Klokka er no 18.08 , temperaturen ute er +10 grader C og det regnar no. Før i dag var det litt betre ver.
Eg fekk diverse bekymringar , sidan eg måtte på reperasjon med bilen etc. Eg fann ikkje att lommebok og anna, Men det var ei som visste råd, og det var Solveig. Ho kom på føremiddagen og fekk orden på sakene. Lommeboka er ikkje funnen, heller ikkje betalingskort, men ho ordna det slik at eg får nytt. Ja,eg treng ikkje å gå i detaljar, men no meiner eg at alt er i orden. Eg får vel krav frå verkstaden, men det ordnar eg sjølv. Det vart mykje styr for ein liten skade- men eg har gode hjelparar.
Vi var på butikken og handla også mens Solveig var her, Ho og Øystein reiser til Bergen på fredag, men då har eg Margrete her til å passe på meg. Eg er så heldig som har tre kjekke born som hjelper meg no når eg er blitt så gammal-rollane har blitt oppbytta sidan dei var små.
I morgon blir det vel å sitte framfor TV-en heile dagen og sjå på gravferda til kongen. Godt at eg har garn så eg kan strikke langsmed. Eg felte nettopp av ein litt tjukk ull-lest, men det må bli fleire slike.
No trur eg at eg skal steike resten av fisken eg fekk av naboen i går. Då Nils levde og var frisk ,fiska han heile tida, og vi hadde fisk og fiskemat til middag nesten kvar dag, men etter at han slutta å fiske vart det sjelden fisk å få. Eg har sagt det mange gonger at det eg saknar i Ørsta er ein skikkeleg god fiskebutikk. Ja, her var no det før. Den tida eg budde heime på Eid hadde vi minst to gode fiskebutikkar og vi åt mykje fisk. Men i dag skal eg nyte fisken eg fekk i går. Gode naboar er gode å ha!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar