fredag, september 04, 2026

Dagbok 2026: 4.september







 Klokka er no18.30, og eg kom nettopp inn etter å ha klipt plenar. Vart ikkje heilt ferdig i dag så eg får ta resten i morgon. Eg reknar med at veret held seg. 

 I dag var eg ein tur på ALTI på føremiddagen, og då eg kom heim vart eg sittande litt for lenge med strikketøyet mitt før eg kom meg ut å klippe plen.  Eg er litt sint på meg sjølv fordi eg rekker opp og strikkar og rekker opp igjen i det uendelege. Men det er dette med å få to(lestar) heilt like, det er ikkje så lett alltid med mangefarga garn.Og eg er vel litt for nøye på det.

Før i dag har det ikkje vore så stålande ver, men som vanleg kjem sola for fullt  om kvelden- Eg hadde tenkt å klippe berre oppe ved postkassane, men så hadde eg så mykje tid att eg eg fekk ta nesten heile plenen nedafor huset, og no har eg sett batteriet på ladding, så det er fullada i morgon, for det er no kvardag då også.

No skal eg snart finne meg litt godt å ete på fredagskvelden. Eg har ikkje fått til å sette inn bilda enno, men det blir vel ei råd.Det er noko tull med data maskina i kveld.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 4.september

 Klokka er no18.30, og eg kom nettopp inn etter å ha klipt plenar. Vart ikkje heilt ferdig i dag så eg får ta resten i morgon. Eg reknar med...