Klokka er no16.30, temperaturen ute er +18 graderC, det er opplett , men skyer på himmelen , så vi har ikkje mykje sol .
PÅ føremiddagen sat eg inne og strikka på ein lest som eg skulle få til ¨å likne på ein annan lest, slik at dei kunne vere par. Det gjekk ikkje så raskt, men det vart no i orden til slutt.
I dag kokte eg med risengrynsgraut til middag, eg har ein tendens til å kjøpe melk for å ha den i hus, men som regel blir det til at eg må prøve å få brukt den til noko. Og i dag var det graut. Ja,ja -eg vil ikkje kaste mat.
Etter ein pause var eg ute og klipte gras igjen. Det kjem ikkje godt fram på bildet for eg klipte mellom anna på begge sidene av huset.
Eg har ikkje mykje å skrive om når eg går her åleine i huset mitt. Eg kunne no tatt meg ein handlerunde viss eg ville, men det var ikkje så mykje eg hadde bruk for i dag. Eg reknar med at eg blir her åleine i helga.
Eg har blitt mykje betre i føtene mine så eg lurer på om eg kan gå på Vernet igjen.
Solveig og Øystein er framleis i Roma, men dei kjem vel snart heim. Dei andre i familien jobbar sjølvsagt. No skal eg lage meg ein skikkeleg god kaffi -kopp med noko attåt, og så har eg TV og strikketøy. Og sola skin ute, så ein kan ikkje klage. Eg har funne meg mykje gode bær i hagen i dag også .Og frå det digre epletreet drysser det mengdevis me små eple, som ingen vil ha.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar