Det er vemodig at vi alt er komne til siste dagen i juli, men vi som har heilårsferie kan no sjå fram til enda ein månad med "ferie"- og august er faktisk min favoritt. Då ser eg for meg lune litt mørke kveldar og vakre roser i hagen. Ikkje regn eller noko slik styr.
No er klokka snart halv ni, temperaturen ute er + 17 grader og det har vore berre nokre få regndropar i løpet av dagen, elles har det vore opplett, men ikkje mykje sol.
Eigentleg synest eg det har vore litt kjedelig i dag, kan ikkje styre med så mykje ute om sundagane, og så hadde eg ikkje planlagt noko anna heller. Sjølvsagt er det godt å kvile ryggen ein dag, men no er eg blitt så vant med å vere ute at eg trivst best der. Og den boka eg har å "kose" meg med er berre gørrkjedelig, den også.
Eg er ikkje tilhengar av å kjede meg, og det er mi eiga skuld at eg ikkje har funne på noko. Men eg er mest glad i kvardagane, no når eg er fri uansett. Nils har vore i bra form både i går og i dag, og det set vi sjølvsagt pris på. No håper vi på at det skal bli mange gode dagar fram til 11.august.
I morgon skal eg i alle fall på biblioteket, og viss Nils er i form kan det bli ein liten rundtur også.
Plenklipping blir det ikkje, men kanskje litt bærplukking. Kanskje eg kan lage ripsgelé av noko av ripsen.
Solveig og Co er anten på veg heim, eller så er dei heime etter turen til Bergen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme. Eg hadde ingen planar for dagen, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Vi for frå Bergen halv tolv og var heime kvart på seks. Då hadde vi tre små pausar.
Legg inn en kommentar