lørdag, juli 30, 2016

Dagbok 2016: 30.juli



Klokka nærmar seg 22 og sola skin på andre sida av fjorden- og på Melle. Slike kveldar lengtar eg tilbake til sommarkveldane i Melsbygda. Men det er vel helst tida eg ville hatt tilbake.

Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 17 grader C og det har stort sett vore opplett i heile dag. Då vi stod opp i dag (det var ikkje tidleg) skein sola. Utpå ettermiddag kom det nokre få regndropar.
I dag har eg ikkje gjort så mykje, må kvile ryggen innimellom. Klipte litt med kantklipparen, reinska litt ugras etc. Marit og Marit kom bort på tunet og prata. Nils ligg stort sett heile føremiddagen, så då er det kjekt å få selskap av kjekke naboar.
Elles har eg vaska klede, lagt i hop klede og stroke litt klede . Det var ingen stor jobb. I dag var eg så syndig at eg brukte trommelen, brukar elles å henge kleda ute når det er nokonlunde bra vêr.
Seint på ettermiddagen var vi ein tur på Kiwi og handla, og no har vi ete middag. Nils sitt ønske i dag var spagetti med tomatpuré og bacon, og det fekk han. Sjølvsagt. Han åt godt, og det er kjekt å sjå.
Han går og ventar på at han skal bli så bra at vi kan fare til Volda og ete kinamat, men så langt er vi ikkje komne enno.
Eg har ikkje studert TV-programmet for kvelden, men veit i alle fall at det skal vere ei lang togreise i Australia på NRK 1. For ei veke sidan var det tog-tur i Afrika. Slike program likar eg, synest det er interessant. Men kvar sin smak.
Boka eg har begynt på fenger ikkje. Skulle ønske ein fekk lydbokversjonar av skikkelig bra bøker, det blir altfor mykje krim. Sjølvsagt finst det gode krimromanar, men mange er sånn litt under middels. Får ta ein tur på biblio etter helga.
I morgon kjem Solveig, Øystein og Olaug heim frå Bergen. Olaug skal bu i leilegheit i Sandviken i lag med nokre andre jenter. Det er noko anna å studere no for tida enn det var i mi tid. Men då eg gjekk på lærarskulen i Volda var det billeg å ete middag på kafé. Det var bra, for det var ikkje så enkelt å lage mat på dei små krøble hyblane vi hadde den gongen. Men vi hadde det kjekt!

Ingen kommentarer: