torsdag, juli 14, 2016
Dagbok 2016: 14.juli
Klokka er 16.30, temperaturen er + 16 grader C; det er overskya, skodde og litt surt vêr.
I dag var vi oppe før klokka 7, for vi skulle ta 8-bussen til Åse.
Rasmus &fam. skulle også reise i dag, men vi hadde sagt at dei ikkje trong fare like tidleg som vi. Det var så kjekt at dei kom og var her nokre dagar, og vi fekk mange fine opplevingar i lag om dei ikkje var her så veldig lenge.
Eg var litt spent på kva legen hadde å seie i dag, for etter 1.og 2.behandling venta vi ikkje det skulle skje allverda. I dag fekk vi ein beskjed som var enda betre enn vi håpa på. Eg kan ikkje dei medisinske begrepa, men det dei måler i blodprøvene var faktisk kome ned normalt nivå. Vi fekk sjå kurva på skjermen, og den såg ut som eit høgt spisst fjell som stupte heilt i havet på høgre sida.
No fekk han ny påfylling av "stoff" i dag og då har han to behandlingar igjen. Neste behandling er 11.august.
Vi fekk melding frå Rasmus om at dei tok 11-ferja frå Volda.
Vi var tilbake i Ørsta i 14-tida. Då måtte Nils legge seg beint ned på sofaen, for behandlingane set han ganske ut nokre dagar, men når ein veit det verkar, er det ikkje så farleg. Her var litt hustre i huset, og Nils hadde ikkje lyst på mat, derfor sette eg like godt i gang med å ta av sengetøy, rydde litt og vaske golva. Så no er eg så å seie ferdig med fredagsvasken. Støvsuge får eg gjere i morgon, for no må vi ha mat! Vi får litt mat på sjukehuset når vi er der.
14.juli-
Den franske nasjonaldagen
Mamma sin bursdag (1904)
Margrete sin dåpsdag (1968)
Wenche og Rasmus sin bryllaupsdag (2000)
Og elles er det for meg "Den store jordbærdagen"- så eg får vel ta ein tur i åkeren.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme. Eg hadde ingen planar for dagen, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar