mandag, juli 25, 2016

Dagbok 2016: 25.juli

Klokka er 21.15, temperaturmålaren står på + 19 grader, men det er heilgrått ute, skodde og regn ! Kjende berre kor energien forsvann etter kvart som det skya over.
I dag hadde eg eit prosjekt på gang. Eg skulle grave fram att muren som vi laga ein gong. No var den nedegrodd med gras som eg har drive å spraya megd ugrasmiddel for at det skulle bli lettare å få laust. Graset hadde spreidd seg eit godt stykke bort i singelen også. Med ein del strev fekk eg gjennomført prosjektet, men det røynde litt på ryggen. Steinane i den gamle muren hadde sige så langt ned at vi må til å legge nye steinar oppå. Så gjeld det berre å finne steinar som er avlange og flate nok. Skulle ønske eg hadde litt støyp å legge i mellom slik at steinane låg i ro. Eg var ganske fornøgd med meg sjølv då eg var ferdig og hadde rydda opp. 
Nils har vore i bra form i dag, men appetitt har han ikkje, så det vert ikkje særleg matlaging med oss.
I dag hjelpte Nils Jørn med å få ut båten hans, for Jørn har ikkje krok på bilen sin. Eg nytta åleinetida til dusjing og hårvask.
Eg skulle prøve å lese litt i boka mi, men sidan eg aldri hugsar kor langt eg er komen, blir det mykje oppattleseing. Eg blei berre så trøtt! Og så sovna eg ei lita stund. Etterpå vart vi sittande å sjå TV, så ettermiddagen vart relativ sløv.Eg likar ikkje at det regnar, for då får eg ikkje gjort noko ute. Vi har fått ein del bringebær i år, det er første gong det har vore noko særleg å hente der. Jordbæra tek det til å bli slutt på, men no har vi sukkererter!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...