søndag, juli 24, 2016

Dagbok 2016: 24.juli

Klokka er snart halv ti. Temperaturen ute er + 20 grader, noko eg synest er akkurat passeleg varmt -om kvelden. Det har vore varmare før i dag, stort sett opphaldsvêr , mest skya, men også litt sol.
Deileg å vere ute og fint å kunne sette opp dører og glas i heile huset.
Nils var som vanleg i dårleg form den første delen av dagen, og låg for det meste. Eg sneik meg til å luke litt ugras, men så ropte Marit på meg og vi sat på uteplassen hennar og prata ganske lenge.
Etter lunsj låg eg ei stund på altanen og las lydbok, men så kom det nokre regndropar.....
Audun skal reise i morgon så han ville kome innom ein tur i dag. Håkon skulle køyre Birte til Volda, så dei kom i lag. Etter at Håkon hadde vore i Volda kom han her. Vi hadde ikkje handla til helga, så her var ikkje så mykje spennande , men melk, egg og mjøl har eg alltid i hus, så då kan eg i alle fall få laga anten sveler eller vaflar. I dag vart det sveler. Kjøpte takke i fjor og synest det er kjekt å bruke den.
Det var kjekt både for Nils og meg å få besøk av gutane. I morgon reiser alle tre brørne til Trondheim, dei skal på konsert, og så reiser dei vidare til Oslo, konsert der også. The Boss! begge stader.
Håper på utevêr i morgon også; trur ikkje eg skal klippe plen, men eg har eit anna prosjekt på gang.
Desse fine sommardagane går berre så altfor fort. I dag er det 5 mnd. til julaftan.

Ingen kommentarer: