tirsdag, juli 12, 2016

Dagbok 2016: 12.juli

Klokka er no 22.35. Temperaturen er + 18 grader C. Det har vor til dels både skyer og skodde i dag, men også sol. Og deilig temperatur. Ingen var spesielt tidleg oppe i dag heller, og vi har hatt ein svært lite stressande dag. På føremiddagen var Rasmus m/fam ein tur nedover til Vik, og gutane hadde handla litt morsomme ting til seg sjølve, i alle fall dei to yngste. Eg skulle prøve å feste dei på bilde, men det var stort sett Vebjørn som var mest samarbeidsvillig. Han hadde gått for "hodebekledning" først og fremst.
Til såkalla lunsj vart det i dag vaflar med nyplukka jordbær m.m.
Så inviterte vi alle saman med oss til pizzakveld på Rosabella. Det var ganske populært. Vi bestilte tre store pizza, så servitøren advarte oss om at ein pizza var nok til tre. Eg skal vere ærlig og seie at vi sleit litt, men alt gjekk med-til slutt! Trur eg slepp å lage kveldsmat i kveld, det plar eg for så vidt ikkje gjere uansett.
I morgon skal vi alle til Hareid, og dagen etter reiser vi alle, i kvar vår retning. Nils og eg skal til Ålesund. Eg synest vi har fått mykje ut av desse dagane, og at vi har hatt det kjekt i lag.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...