onsdag, juli 27, 2016

Dagbok 2016: 27.juli

Klokka er snart 18.00, temperaturen ute er + 19 grader C og akkurat no er det opplett. For ei lita stund sidan var det regn.
Nils har ikkje vore i form i dag. Det er heilt normalt. Han kan vere sprek eit par dagar innimellom, men så får han ein mindre god dag igjen. Eg sov lite sist natt, sat for mykje i ro i går ,trur eg, så eg fekk vondt i hofta.
Men i dag bestemte eg meg for å ta ein skikkeleg arbeidsdag. Så snart eg var ferdig med morgonstellet inne, starta eg opp kantklipparen og klipte rundt staudene nedst i hagen. Men kantklipparen held ikkje ut så lenge, så då sette eg i gang med å klippe heilt ned dei staudene som var avblomstra og køyrde avfallet i trillebåra bort til komposten.
Deretter var det opp til garasjen, der eg klipte vekk massevis av blad på blomkarsen, slik at blomstrane skulle kome betre fram . Det vart etter kvart mykje rot, men eg hadde ein plan. Eg kopla til den elektriske klipparen og stilte den heilt ned, for her skulle det klippast så det varte ei stund. Eg starta oppe ved garasjen og fekk vekk rusket det. Så flytta eg meg heilt ned på kanten til naboen. Men der stod klipparen i sju steinar. Vått langt gras og mose......hadde ikkje ein sjanse. Her må det motorklippar og finare vêr til. Men eg fekk i alle fall klipt plenen nedanfor og innanfor huset. Etter kvart vart det rimeleg mykje regn, og Nils var ikkje sikker på om eg kunne få støt , vatn + elektrisitet er ikkje ein god kombinasjon. Men eg tok sjansen og det gjekk bra.
Det var ikkje akkurat slik vi hadde tenkt å feire at vi har vore gifte i 54 år, men Nils var absolutt ikkje i form til å gå ut og ete middag slik han hadde tenkt vi skulle. Men eg tek det ikkje så tungt. eg likar å vere ute og styre, berre temperaturen er god og det er han. Bringebæra modnar fortare enn vi klarer å ete dei opp. Vi har hatt dei plantane i fleire år, men har aldri fått særleg mykje bær. Ikkje før i år. Fann nokre jordbær også, men dei tek snart slutt. Og så raudnar ripsen, og stikkelsbæra får farge. Eg blir ikkje arbeidslaus med det første!
No har Nils hatt seg ein blund på sofaen og livnar til mot kveld.






Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...