Klokka er 21.30, temperaturen er + 14 grader, og det har regna det meste av ettermiddagen.
Før middag var det opplett og ca +20 grader, det ultimate arbeidsvêr for uteaktivitetar. Sidan Nils ligg det meste av føremiddagen jobbar eg ute. I dag klipte eg resten av kantslåtten, og så tok eg plenane opp mot vegen. Spylte klipparen før eg sette den frå meg, akkurat slik Nils plar gjere. Hadde tenkt å prøve på skråninga med motorklipparen etter middag, men så kom regnet.
Men det var ikkje berre regnet som kom. Ingeborg skulle reise til Oslo i kveld og kom bortom ein tur for å seie hadet til oss. Vi drakk kaffi, og så laga eg ein liten gryterett (Toro+) for det er om lag det einaste Nils har lyst på. Med ris! Poteter likar han ikkje lenger. No et han middag for andre gong. Og Ingeborg er i lufta om ho ikkje alt har landa.
Eg har plukka bringebær i dag også-men desserten åt vi før middag. Ja, alt går på halv åtte her no for tida, men vi håper det er ein overgang.
I dag har eg fått lese litt i boka mi, den har vore ganske dryg, og enda er der nokre plater att.
I morgon må eg vel gjere litt husarbeid sidan det er fredag....men så er det den skråninga. Vi MÅ ha opphaldsvêr !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme. Eg hadde ingen planar for dagen, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar