søndag, april 25, 2021

Dagbok 2021: 25.april

Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 9 grader C, det er lettskya, sol og litt vind. Det minkar på snøen nedom huset, men opp mot vegen smeltar den sakte. Dagen i dag har gått veldig fort. På føremiddagen jobba eg litt med spanskleksa, eg strikka ei stund og så tenkte eg at eg ville gå ein runde på Vernet i dag, viss kneet ikkje protesterte. Tok på meg Hoka-skorne og då greidde eg å gå heilt fint utan å få låkt. Eg trefte ei dame som eg ikkje kjende, men ho hadde to søte små, kvite Bichon Frisé-hundar, så vi kom i prat. Seinare møtte eg eit par eg kjende, nemleg Matias og kona. Ein møter nesten alltid kjentfolk der oppe. Då eg kom heim att var det ikkje så lenge før eg kunne tenke på middag. For 3.dag på rad åt eg Taco-og det var like godt som dei to dagane før. Heilt perfekt for meg å ha Taco heile helga. Eg steikte nok kjøttdeig på fredag, og så fekk eg ete opp alle grønsakene som eg hadde kjøpt. Heilt perfekt. Til dessert fekk eg aller nådigst ein klatt med is. Då vart eg så mett at eg seig ihop i godstolen ei lang stund. Marit hadde tenkt seg ned ein tur, men då ho stod i døra ringde Mari Ella og sa at dei var på ferja, så då måtte Marit trø til med middag. Janne er ikkje heime, så då er det Marit som "kokar".Eg har sett litt TV, men no må eg visst ut og sjå til hagen min. Paret i kjellaren er bortreiste i helga, så eg har huset åleine. Eg må snakke med naboen når eg møter han og spørje om det er tid for gjødsling. Eg har mange ting eg har tenkt å kjøpe når eg er fullvaksinert- det kjem til å vise på kontoen min. I morgon håper eg å få pakken frå Rasmus, så kan Helge og eg reparere. Då får eg printa ut spanskleksa mi, så det blir enklare å lese den. På denne laptopen får eg ikkje behandla bilda så mykje, så eg gler meg til å komme meg på Storemaskina igjen.
I dag er det Wenche sin tur å fylle år; GRATULERER MED DAGEN; WENCHE !

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...