fredag, april 09, 2021
Dagbok 2021: 9.april
Klokka er no 17.33, temperaturen ute er + 4 grader. I går kveld såg det ut til at snøen skulle smelte, så eg var spent då eg såg ut i dag tidleg. Det hadde ikkje kome så mykje snø i natt, men så sette det i gang igjen, eine snøbya etter den andre, og det tek ingen slutt. Når eg dertil har eit vondt kne blir det to gode grunnar til ikkje å gå tur.Og turane mine saknar eg. Til alt overmål har vi no det største Korona-utbrotet vi har hatt i Ørsta. Her var lenge smittefritt, no er det over 20 personar som har testa positivt.Og så kjem det melding om at prins Philip er død 99 år gammal-men ikkje av Korona. Eg, og mange med meg blei litt glade i Philip etter å ha sett "The Crown".
Det vart mykje negativt på ein gong. Men etter frokost hadde eg ei oppgåve, eg greidde ikkje å løyse sudokuen i går kveld, men rekna med at eg skulle greie det i dag, og det gjorde eg. Så vart det fredagsvask, i dag tok eg soverommet også, sjølv om det ikkje var heilt greitt å henge ut golvteppet. Etterpå sette eg i gang vaskemaskina, så har eg i alle fall litt mosjon med å gå ned og opp kjellartrappa. Før eg begynte å tenke på middag, ringde eg til Ellen Marie. Ho ringde til meg dagen før bursdagen min, men då var eg oppe hos Marit så vi kunne ikkje skravle så lenge. Det kunne vi i dag. Ho fortalde mellom anna at sonen hennar hadde kjøpt hytte i nærleiken av Kristiansand og dit hadde ho vore med i påska. Vi prata både vel og lenge, det har vi tid til begge to. Til middag i dag fann eg ei skål med ferdiglaga risgraut, og med litt spekepølse ved sidan av blei det ein OK middag. Eg har elles lese MØre-Nytt og sett litt Netflix. Eg har fyrt litt i omnen i dag også, no er det tomt for ved, men eg trur levrandøren rett over gata har meir å tilby.Eg kjem meg ikkje ut med bilen i dag heller- utan å moke, eg treng ikkje fare nokon stad i dag, men tek kanskje ein tur i morgon. Eg blir litt sur kvar gong eg ser ut og ser all snøen.I Møre-Nytt står det at her er 50 cm. Elles vil eg ønske alle god helg, håper alle held seg friske, for no får vi meir vaksine etter kvart.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar