torsdag, april 29, 2021

Dagbok 2021: 29.april

Klokka er no 18.25, temperaturen ute er + 9 grader og det har vore ein fin dag med mykje sol-men varmen let vente på seg. Bjørkene er ikkje grøne; i seinare år har dei vore grøne til 1.mai. - Eg plar seie at når ein "skal noko" klokka 13, så vert heile dagen øydelagd, - med andre ord, ein får ikkje gjort noko verken før eller etterpå. Men eg fekk i alle fall shina opp kjøkkenet på føremiddagen, før eg vaska håret og kledde meg om. Eg hadde time til vaksinering kl.13.10, så eg køyrde heimanfrå klokka 12.45. Eg stilte meg bakerst i køen utanfor døra, og så vart vi sleppte inn i puljer. Det gjekk ganske radig. Første gongen slapp vi til etter klokkesletta som stod påinnkallinga, i dag slapp vi inn i den rekkefølgen vi kom. Det var enklare i dag. Eg fekk sprøyta og så måtte eg sitte i ro i 20 minutt før eg fekk gå. Eg sneik meg ut litt før tida. På heimvegen stoppa eg ved KIWI og handla-ville ha noko å kose meg med når eg kom heim. Det vart Strandamòr og potetsalat. Då eg kom heim laga eg riskrem av grauten frå i går, så det vart ein kraftig dessert. Etterpå høyrde eg nyheiter på TV mens eg drakk kaffi. Det stor i papira vi fekk i dag at vi kunne bli trøtte etter vaksineringa, Marit måtte sove med det samme ho kom heim, men eg sovna ikkje. Eg såg eit hageprogram før eg somla meg til å gå ut og jobbe litt. Ja, det vart ikkje mykje, eg raka og plukka vekk singel frå plenane og raka litt i snøen som ligg att. No er der ikkje mykje, og dei blå blomstane står så fine. Eg har tatt bilde av dei, men bilda blir ikkje så fine som røyndomen. Marit Urke var ute og jobba, så eg prata litt med henne, og så kom Torbjørn og spada opp eit plommetre som ikkje hadde funne seg til rette. Dermed blei det litt diskusjon mellom han og meg, det galdt blant anna rettskriving.- No er eg altså fullvaksinert, men det går ei stund før vaksinen virkar. Fekk eit tettskrive A4 ark med orientering på begge sider. Så langt veit eg at eg kan ta imot gjester heime-men dei må ikkje vere i risikogruppa. Eg ser at eg er blant dei heldige i verda, som har sluppe så lett hittil, eg ser med gru på korleis dei har det i India, og i mange andre land.Eg er takksam og glad for dei to sprøytestikka.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...