fredag, april 16, 2021

Dagbok 2021: 16.april

Klokka er no 18.15, det er + 11 grader C og sola skin frå ein blå himmel utan ei sky i sikte. Det er heilt fantastisk, men snøen ligg her enno. Det første eg gjorde i dag etter frokost, var å skrelle poteter som eg skulle lage stappe av, så tok eg fredagsvasken som ikkje er det heilt store lenger. Einar ville komme innom ein tur ca 13.30, eg trur han kom 13.32., han er det meste presise mennesket eg kan tenke meg. Det vart enkel mat i dag, eg prøver å bruke det eg har i hus i staden for å fylle opp alle frysarar og kjøleskap. Det var pølser og potetstapp og litt grønsaker i tillegg. Einar hadde med seg ei strikkekofte frå Solveig. Eg fekk garn og mønster til jul, og strikka ferdig ei einsfarga jakke.Den vart eit misfoster(det var mi skuld) så eg rekte opp att, strikka passelege ermar etc. Så fekk Solveig jobben med å telle masker og få alt på glid -no hadde vi bestemt oss for rundfelling og mønster. Ho tok med seg arbeidet heim sist ho var her, og akkurat som eg hadde håpa vart ho frista til å gjere kofta heilt ferdig. Eg var veldig fornøgd med det. Den kan sjå litt voldsom ut når den heng slik på ein hengar, men den passar akkurat.Viss nokon synest dei har sett mønsteret før, så har Linda Eide ein slik genser.
Etter at Einar hadde fare heim att gjekk eg ut og begynte å moke altanen. Det var passeleg mosjon i staden for å gå å trakke på vegane med vonde kne. No fekk eg bort all snøen, den var våt og tung, eg trur den nærma seg vatnet si egenvekt. Til sist for eg over med ein skurekost. Eigentleg skulle flakane vore både vaska og olja, men først av alt må dei bli tørre. Til slutt sette eg meg i solveggen og høyrde lydbok. Leigebuarane mine gjekk tur i fineveret, HAN med bar overkropp-men dei er no friluftsfolk! I dag har eg ikkje hatt på TV og høyrt om Korona, men det eg veit er at her i Ørsta er endå ein blitt smitta. Kvar fredag trur eg det er laurdag, derfor må eg på butikken laurdag føremiddag for å forstå at det ikkje er sundag.
Eg ønsker alle ei fin og koronafri helg !