tirsdag, april 27, 2021
Dagbok 2021: 27.april
Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 9 grader, sola skin, men vinden er litt kald. Det har vore fint i heile dag. Marit og eg var på rtrening frå 11.20 til 12.20, og så var vi ein lirten tur ned til Alti før vi for heim. Eg har ikkje vore så flittig i dag heller, men eg har brukt litt krefter på å spade snø i dag også, og så har eg blant anna prøvd å rake plenane fri for singel, blant anna. Då det ærma seg middagstid, fekk eg lyst på skikkeleg middag, så eg kokte poteter og steikte ørret som eg hadde i frysaren. Etter middagen la eg meg ut på solsenga med lydbok, og jammen trur eg at eg sovna, for kaffien heg hadde med meg ut var blitt kald. Så var det ut igjen og hive snø, etter kvart som snøen blir borte kjem dei blå blomstrane fram. I morgon får eg prøve å få gjort litt husarbeid, men det fristar meir å vere ute. Hadde eg vore betre i føtene mine kunne eg gått tur, men slik det er no, er det best å halde seg nær husa.Her er nok å gjere for dei som vil.
I går kveld greidde eg ikkje å løyse sudokuen i MN, og heller ikkje i dag tidleg. Så begynte eg heilt på nytt mens potetene kokte, og då kom eg i mål ganske lett. Men avisa har eg ikkje lese enno, så den har eg til gode. Prøver å følgje med på det som skjer i bygda.No blir det lenge til neste trening, for komande torsdag er det vaksinering, og tysdag i neste veke skal vi til Ulsteinvik for å få nye høyreapparat. Så då får kanskje beina mine kvilt seg opp.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
-
Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter...
-
Klokka er no18.16. Temperatren ute er +14 grader og det er nokså mykje skyer på himmelen. Eg har hatt ein nokså kjedelig dag, mest fordi e...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar