onsdag, januar 16, 2013

Dagbok 2013 : 16.januar

Klokka har passert 15.00; ute er det overskya og minus 1 grad. Det virkar litt råkaldt no når vi ikkje ser sola.Og vêret stemmer på ingen måte med yr.no. Såg på FB at det snøa i Solund i dag, så kanskje vi også får litt. Eg ønsker meg sparkføre, som vanlig. 
Bildet over tok eg på Rjåneset sist sundag. Eg har det med å knipse vilt med det vesle lommekameraet mitt, men etter kvart har eg fått interesse for å FOTOGRAFERE- og det er noko heilt anna. Då må ein ha skikkelig utstyr. Og i dag har eg kjøpt mitt første (og siste?) speilreflekskamera på El-kjøp. Hadde først ein samtale med Margrete, som gav meg gode råd. Det apparatet som ho anbefalte var gått ut, og dette som eg kjøpte, hadde overtatt. Ekspeditøren var veldig hyggelig og flink å selje, så eg gikk ut døra med både kamera, veske og minnebrikke. Har ikkje teke sjansen på å pakke det ut og montere det opp enno. Reknar med at Margrete kan gi meg eit lynkurs når ho kjem på mandag.
No er det slik at eg faktisk TRENG eit skikkelig kamera  - viss eg vil ha bilda mine på trykk i avisa. Hittil har eg måtta få andre til å forsyne meg med bildestoff, og det er litt tungvint, vil heller vere sjølvhjelpt!
Bildet over har eg hatt innom Picasa og pynta litt på. No lurer eg på kva bilde-behandlingsprogram som er det beste-helst av dei som er gratis. Eg likar ikkje å manipulere bilda for mykje, som regel blir det berre "prøv lykken"-knappen eg brukar.
Elles var vi innom Coop og handla litt mat i dag, mest mjøl, for det er vel på tide å begynne å bake brød sjølv igjen?  Eg er snart ferdig med det sjette lesteparet av garnet eg kjøpte på sal, så no må eg snart høyre etter om gensermønsteret, som eg bestilte, er kome.
Til middag i dag hadde vi det lettvint; varma opp att resten av suppa frå mandag.Nils har hatt ekkoloddet til reparasjon, så det driv han og styrer med.
Viss det blir laglig vêr vil han vel snart ut og fiske. Berre ikkje båten er frosen fast!


5 kommentarer:

arieldog sa...

Gratulerer! Eg ventar i spenning på forskingsresultat. Fotografering er ein kjekk hobby som motiverer til opplevingar og turgåing.

Bjørg sa...


Gratulerer med flott kamera!

solveig sa...

Gratulerer med nytt kamera! Det får du mykje glede av!

Besta sa...

Hadde eg ikkje hatt to døtrer som kan hjelpe meg, kunne eg ikkje kjøpt det, for å seie det slik.

Hildegard sa...

Gratulerer med nytt kamera!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...