tirsdag, januar 15, 2013

Dagbok 2013: 15.januar.

Klokka nærmar seg 19.00. Temperaturen er minus 3 grader C, og i dag har det vore overskya.
I dag har eg vore ganske lat, fekk ein liten dett når sola ikkje kom fram. Eg lurer på kvifor eg alltid skal synest at eg skal "gjere" noko nyttig heile tida. Eg har no gjort litt husarbeid, laga middag etc. 
Vi hadde i grunnen tenkt oss ned til Vik og handle litt, Nils var no nedover eit par gonger, men så vart det ikkje noko meir med oss. Det gjeld å ha planar for dagen, då blir ein meir effektiv. Det einaste nyttige eg gjer for tida, er at eg strikkar lestar, skal strikke opp garnet eg kjøpte før eg begynner på eit større arbeid.
Bildet av slåmaskinen tok vi i går. For meg fungerte den som eit kunstverk; malplassert som den er i tid; både årstal og årstid. Eit minne frå gamle dagar som berre dei eldste av oss kan hugse i bruk.
Den seier mykje om utviklinga  i åra etter krigen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

For eit blinkskot! Eg likte så godt biletet av slåmaskinen. Kom over bloggen din akkurat no, då eg søkte etter noko på IKEA. Ser du lurer på kvifor du alltid kjenner på at du må gjere noko nyttig. Eg lid vel litt av same sykja. Det er nok den gamle pietistiske pliktetikken som sit i. Men eg øver meg stadig på overhøyre desse indre krava. Når ein er pensjonist er ein stor nok til å bestemme sjølv!

Så går eg ein tur, eller kosar meg på data, og det er meg vel unt.

Helsing Randi.

Besta sa...

Heilt enig med deg, Randi,i alle fall i teorien. Men det er enda kjekkare å kose seg om ein har kjensla av å ha gjort noko nyttig. Å gå tur er nyttig (mosjon) og å vere på data er heilt nødvendig for å ta vare på sitt sosiale nettverk m.a.
Eg er ikkje sikker på kva for ei Randi du er, eg kjenner fleire, så det ville vere kjekt om du gav meg ein peikepinn.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...