mandag, januar 14, 2013

Dagbok 2013: 14.januar

Klokka er  no snart 15.00, det er fint, kaldt vêr, men med eit ørlite innslag av skyer på himmelen. Derfor er det heller ikkje så kaldt som i går. Gradestokken her hos oss viser minus 4 grader C.
Vart litt skuffa då eg stod opp i dag, for då var det nokså skya- eg var nemlig frustrert over alle bilda eg IKKJE fekk tatt i går, så eg hadde tenkt meg ut att til Hovdevatnet. Heldigvis kom sola fram att. Nils kokte ferdig ei stor panne med ertersuppe (nok til to dagar) og eg gjorde diverse anna husarbeid før vi tok laust. Eg utstyrte støvlettane med broddane eg kjøpte tidlig i vinter, men som eg ikkje hadde brukt før.
Vi køyrde ut til Hovdevatnet og parkerte, så gikk vi langs vatnet så lenge det var flatt. Då vi kom til stigninga, sa eg: "Tenk om her hadde vore sti langs heile vatnet!" -"Vi kan gå på isen", sa Nils "langs land". Eg var litt skeptisk, men sidan eg hadde broddar, pluss ei hand å halde i gikk eg med på forslaget.
Det var så grunt at eg såg botnen gjennom isen. Eg har ikkje gått over eit islagt vatn på minst 50 år! Det blei veldig langt og tungvint å gå langs land, så vi våga oss etter kvart lenger utpå og til slutt cruisa vi beint over vatnet både på langs og tvers. Det var ei oppleving! Skulle hatt sparken med, så hadde det gått så det susa.
Der var berre nokre få skøyteløparar på isen så tidlig på dag, men eg tippar der vert eit yrande liv etter kvart. Isen er tjukk og trygg om nokon skulle vere i tvil.
No har vi ete ertersuppe og skal ha oss ein pust i bakken. Det var litt spesielt å gå med broddar, så eg tippar eg kjem til å få litt gangsperre. Gjer det noko?
              Ikkje fristande å kvile her i dag.
                Mange sprekker i isen. Sår som var attgrodde.
         Kunst på isen. Både Nils og er syntest det likna ein fisk.
            
                               Vegen vi gikk. Vi ser oss tilbake.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Det høyrdest artig ut! Eg lite spesielt godt det øvste biletet.

Besta sa...

Den båten har lagt der sidan Dagmar. Med hol både her og der.