søndag, januar 13, 2013

Dagbok 2013: 13.januar

 Klokka er no 15.15 og vi har same fine vêret. Temperaturen ute er ca minus 7 grader. Den relative fuktigheita er no 45 % noko som er heilt normalt.
Idag kom eg meg endelig ut ein liten tur. Vi køyrde utover stranda mot Rjåneset. Nede i sentrum var temperaturen minus 9 grader C, på Rjåneset minus 3. Vi gikk og trakka rundt på stiane som er der, og i skogen ved badestranda var det fleire småbarnsforeldre som hadde picnic. Det hadde tent bål og såg ut til å ha det trivelig. Vi trudde der skulle vere sol der ute, men den var der ikkje så lenge vi luska rundt. Det er heilt umulig å finne ut kvar sola skin, så lenge den er så lågt over horisonten. Det er fjella som bestemmer.
Eg meinte å hugse at der brukte å vere sol ved Hovdevatnet om vinteren. Vi var somme gonger på skuletur på skøyteisen. Så vi køyrde dit, for å gå på stien langs vatnet. Det stemte, der var sol. Og for eit syn! Alle trea  nær vatnet var heilt nederima, likeins det gamle graset på markene. Men heilt heldig skal ein aldri vere. Etter tre bilde var batteria på kamera tomme. Ja, uflaks kan eg vel ikkje kalle det. Eg burde vel vore så framsynt at eg hadde batteri i reserve.
Vi gikk ein liten tur langs vatnet. I indste enden av vatnet myldra det av barn og vaksne på skøyter i strålande, låg januarsol. Då var klokka 14.00 og sola var nyss komen fram. Dette til orientering for dei som har lyst på ein tur på isen mens finevêret varer. Temperaturen der ute var minus 9 grader.

3 kommentarer:

Bjørg sa...





















































































Så fine bilder! Vi har litt same veret. Det har vore minus 10 i dag og i går. Overskya og litt sol.
Her er lite snø, framleis glatt.
I går var vi på slik "harrytur" til Sverige. Det var Asle som skulle handle og han kom og tok oss med. Kjekt det! Og noko vart og kjøpt.
Hans fekk seg ny jakke. Elles mest mat.









Bjørg sa...

Kommentaren min kom ikkje inn. Prøver igjen.
Fine bilete frå Ørsta. Vi har litt same veret. Minus 10grader siste dagane og ein del sol. Men og skodde.
Vi er ikkje så flittige å gå på tur.
Men det hender.

Hildegard sa...


Siste vinter-foto var "malerisk".
Eidabesta

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...