Klokka nærmar seg 16.00,og vi har same fine, kalde vêret. Temperaturen er minus 7 grader her oppe i bakkane, litt kaldare i sentrum. Hadde det vore snø, hadde det ikkje kjendtest så kaldt, trur eg.
I dag vart det ein tur på Amfi før middag. Vi trong nesten ingen ting, men måtte "ut og sjå folk"- og det gjorde vi. Vi trefte så mange vi kjende at føremiddagen gjekk med til prat både med den eine og den andre. Men der var mange ukjende også, sikkert både frå Stryn og Honndalen og andre stader i Nordfjord. Det som er bra med Amfi er at ein kan treffe folk inne, og sleppe å stå ute i kulden. Mellom andre hadde vi ein lang prat med Ruth og Harald.
Då vi kom heim, varma vi opp ein porsjon Stroganoffgryte frå andre juledag og kokte ris til. Nils har sessa seg i eine reclineren med avisa, så blir det vel sport seinare på dag. Vi har det varmt og godt og lid inga naud. Eg skal ha med ei stund på sofaen med lydbok, og så blir det vel strikketøy og TV utover kvelden.
Bildet over er teke ca klokka 15. Dei under ein time tidlegare.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar