torsdag, januar 24, 2013

Dabbok 2013: 24.januar

Klokka er 15.00 og vêret er framleis klårt og kaldt, men temperaturen har stige sidan i dag tidlig, då var det 11 minusgrader, no berre 6. Eg blir litt lamma i kulden, vil helst vere attmed omnen. I dag var eg til frisør frå klokka 11.00. Etterpå køyrde vi bort i Furene for at bilen og eg skulle bli skikkelig varme.
Handla litt på Coop ekstra der, mellom anna tennbrikettar og fyrstikker. Så fann vi ut at vi skulle kjøpe 2 pk. med vedbrikettar, eller kva det no heiter, for å prøve dei. Vi er ikkje lens for ved, men kan vere greitt å prøve ut produktet. Då  vi kom heim, kveikte Nils opp att i omnen og la innpå 2 stk. og det brenn lystig, varmar gjer dei også ! No skal vi teste ut kor lenge dei brenn.
Det eg eigentlig var på jakt etter var heile høner (slakta) til å koke suppe på. Dei har hatt det somme gonger før.
Var innom Amfi ein tur også, ville sjå om eg fann blomster til å ha i vinduet over pumpa, men det er dårlig utval for tida. Det er kanskje ikkje så trygt å frakte blomster i kulden.
Det vart lettvint middag i dag, fiskekaker frå frysaren. Siste pakken vart fortært i dag, så no blir det snart å lage nye, når det blir sjøvêr igjen.
Det vart ein travel kveld i går, men vi er glade for at pensjonistane kjem til tross for vinter og kulde. No skal eg ha ein pause og så må eg komme i gang med referatet. Alltid verst før ein startar opp.
I dag fekk eg telefon frå naboen som flytta til Markane, dei har det bra og trivst i det fine turterrenget der.
Prøvde å vere pressefotograf midt opp i alt det andre i går, men veit ikkje om bilda blei gode nok for avisa. Eg må kanskje øve litt meir før eg meistrar yrket. De får kanskje eit lite inntrykk av korleis vi har det på Kulturhuset. Vi dekka 11 bord, 8 ved kvart bord, og der vart nesten fullt.
PS: Dei to vedbrikettane brann i nesten tre timar. Ein pakke med 12 brikettar kosta 24,90 kroner. Ikkje nokon upris og eit godt alternativ til ved.

3 kommentarer:

solveig sa...

Vi kjøpte 10 pakkar for å spe litt på veden no når det vart så kaldt. Han har nok vede, men den kan no berre ligge i lad. Det er fint utanfor huset, synest eg.

arieldog sa...

Kva er det du kallar vedbrikettar? Slike mursteinsforma kubbar av sagmask?

Besta sa...

Heilt rett, Margrete. Sagmask i blokker.24,90 for 12 på Coop i Furene.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...