søndag, januar 27, 2013

Dagbok 2013: 27.januar

 Klokka er snart 22. Temperaturen ute er +5 grader C og det kjennest nesten som sommar.Noko særlig nedbør har det ikkje vore, men det kan bli farlig glatt på asfalten når det "skyt opp" is.
Dagen har gått som ein røyk. Litt småjobbing på føremiddagen før vi tok turen til Rjåneset, der eg gikk ein bitte liten tur på stien - med kamera som vanlig. I dag møtte vi ikkje Kjetil Stokkand, så Nils trur at han kanskje har fått ei kjensle av vår.
Etter at vi hadde ete middag, la eg meg på sofaen og somna som ein stein-noko eg ikkje hadde berekna. Då klokka var vel 17.00 kom Margrete, Ingeborg og Amanda og henta meg. Vi skulle på kino i lag i dag, det var planlagt. Filmen "Les Miserables" var fantastisk", Margrete såg den for andre gong. Dei syng i staden for å snakke gjennom heile filmen, men det er likevel ikkje som opera. Det er mange vakre songar, og dei fleste har ein høyrt før.
Og så var det rett heim til "Halvbroren", så i dag har det ikkje vore mulig å kjede seg. Det gjer eg forresten aldri. Ikkje har eg fått strikka noko særlig heller, men det går framover med genseren, trur det skal gå bra.
Det er båten vår som ligg i framgrunnen, åleine. Berre ein liten Pionér.

3 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt du fekk sett filmen! Eg vart imponert! Tippar det vert nokre Oscar!

arieldog sa...

Kjekt du vart med! Eg har tenkt å få med meg både Anna Karenina og Victoria på kino, forresten.

Besta sa...

Ja, får ein først smaken på film på kino, så er det gjort!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...