tirsdag, januar 29, 2013

Dagbok 2012: 29.januar

Klokka er12.30, temperaturen ute er + 6 grader C. Det er lettskya og opplett. I dag trur eg det var like før sola "kleiv honnje"-men der var for mykje skyer til å finne ut av det. Det er i alle fall som ein vårdag etter dei lange kuldeperiodane vi har hatt både før og etter jul.
Sidan det er meldt sterk vind i morgon, ville Nils nytte høvet til fiskeri i dag, så han er ute med båten.Det blir spennande å sjå kva han kjem heim med.
Eg har ikkje gjort så mykje. Tok ned julegardinene på kjøkkenet, pussa vindua, strauk og hengde opp kvite "sommargardiner". Det gjorde susen! 
Elles har eg vaska håret og vaska klede. Dvs. eg har gått her og småpusla. 
No kom Nils att. Det var ikkje så godt "bet" i dag, men vi har i alle fall småsei til middag og eit par større til ein annan gong. Dei beit på makkar i alle fargar, men det var mest småfisk. Der ute var det + 8 grader C. Og han hadde treft Kjetil Stokkand.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...