mandag, januar 21, 2013

Dagbok 2013: 21.januar

Klokka er snart 20.00. Vi har hatt enda ein strålande dag med sol frå skyfri himmel, men det er ikkje så mykje glede vi har av sola enno, berre 40 minutt om morgonen og ein lite glytt ca kl.14.30. Det har vore fint vêr i snart to månader, akkurat den tida sola er vekke hos oss.
I kveld er det minus 8 grader, men til helga blir det vêrbyte og mildvêr.Her i Ørsta er vi heldige med at vi har ei maskin som lagar snø, slik at skitrekket kan vere i sving. Elles er det populært med skøyter for tida, tjukk is både på Hovdevatnet og andre stader.
I dag gikk Nils og eg ein tur rundt Storebakken før middag, for å nyte solskinnet ei lita stund ekstra. Var så vidt opp i skogsvegen også, men eg var ikje heilt god i hofta så eg kunne ikkje gå så langt. Det er vel lågtrykk på veg. Så lenge det er opphaldsvêr og tørt kjenner eg nesten ingen ting.Eg tok masse bilde, for å øve meg og for å teste kameraet. Eg lærer etter kvart.
 Bilda: Nytt stort tømmerlager i skogsvegen.
Gjennom skogen ser vi heilt bort i Mosmarka.Nils har tenkt å sage ved her.
I dag har Margrete og dei to yngste vore her på besøk. Ja, ungane har vi ikkje sett så mykje til; Amanda har to ballett-timar og Erlend sit med datamaskina nesten heile tida. Til middag i dag hadde vi svineribbe og medisterkaker. Det er vel noko av det billigaste ein kan servere i desse dagar, men det tek litt tid å få det ferdig. Tida er ein knapp ressurs for dei yrkesaktive.
Onsdag er det møte i pensjonistlaget, og Nils skal til Åse sjukehus. Han skal teste synet, så han reiser med buss. Dei drypper augene, så han ser ikkje så godt etterpå. Hadde eg vore "fri" kunne vi hatt oss ein skikkelig bytur, men eg må på Kulturhuset og jobbe. Vi er seks stykke i styret og to er vekke, så det er hårda bud. Vi håper at vi får fleire og yngre folk med oss i laget, elles klarer vi ikkje å halde det gåande så lenge.Det er trass alt ein del som må gjerast påde før, etter og på møta. Ikkje alle tenker over det.
Nils kjem att i tide til å stille opp som billettør og loddseljar i staden for kasseraren.Eg stiller som servitør, loddseljar, bladfyk og fotograf m.m. Kjekt å vere til nytte!
 Så langt har eg strikka på genseren. Det meste i går.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...