torsdag, januar 31, 2013

Dagbok 2013: 31.januar

Klokka er no 14.00. Temperaturen ute er + 2 grader. Akkurat no er det opplett, men før i dag har det vore snø -/sluddbyger. Bildet er tatt klokka 12.00, og vi ser sola klatre opp etter Melshornet.
I dag har eg vore relativt flittig. 
Det første eg gjorde var å lage ein porsjon fiskekaker av 1,6 kilo melen fisk. Det blir også middagen i dag.
Så støvsuga eg alle teppegolva før vi tok ein liten tur nedover. Nils skulle låne ei bok på biblioteket, han driv og forskar etter eit forlis is Nordishavet der morbror hans var med.
Eg passa på å låne eit par bøker i same slengen.
Så hadde eg eit brev som skulle postast, og sidan det er Euro-Spar som har post i butikk vart det til at vi handla der også. Det var der vi alltid handla før Amfi kom. Og no vil eg begynne å handle der igjen. God plass, god orden og godt utval av varer. Say no more. Eg fekk til og med tak i heile høner, så no kan det bli Mulligatawny-suppe så snart nokon melder si interesse for det. Eg har hatt lyst på det lenge.
Skulle kjøpe ein ermpinne nr.3,5 men det hadde dei ikkje. Eg trudde eg hadde pinnar i alle slags storleikar, men denne mangla. Får ta ein pause på genseren.Eg er sterkt i tvil om den er stor nok til han som skal ha den, men fann ut at eg kan måle på Amanda når ho kjem på mandag. Eg strikkar lett ein ny genser, brukte ca 1 veke på bolen, og ingen ting hastar. Eigentlig.
Eg kunne tenkt meg meir snø, men det er nesten sol ute no og det vesle som kom av snø smeltar nok snart.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...