lørdag, oktober 31, 2020
Dagbok 2020: 31.oktober.
Klokka er 16.20, temperaturen ute er + 8 grader, det er overskya med litt regn innimellom. I dag låg eg heilt til klokka ringde, men eg vakna ei stund før. Etter at eg hadde sjekka datamaskiner og telefon gjorde eg meg klar og vaska kjøkken og bad. Støvsuging vart det ikkje i dag, men det kan hende eg tek ein sveip i morgon.
Eg gjorde ferdig noko av spanskleksa mi og så Chatta eg med Marit om kva vi skulle gjere med gravene no på Alle helgensdag. Marit trudde ho var forkjøla, men det er visst heller allergi, ho skulle ikkje ut i dag, men eg tilbaud å sette lys på Robert si grav når eg først for dit fram.
Marit hadde to gravlys så eg "kjøpte" det eine med henne, og så tok eg med batteri til "stearinlyset" mitt. Eg kunne ikkje vente til det vart mørkt så eg for fram tidlegare på dag. Eg fekk ordna lys på gravene. Der var mange andre ute i samme ærend. På heimvegen var eg innom Kiwi og handla litt matvarer. Då eg kom heim var klokka 15.00 og det var tid for middag. I dag laga eg noko som eg har hatt lyst på lenge, nemleg TACO. Har ikkje laga det sidan er vart åleine, men har ete hos Solveig. Det var kjempegodt! Og eg har nok til i morgon også. Eg er ekstremt glad i grønsaker, så eg kunne godt blitt vegetarianar, men det får no vere. Men eg seier ofte at viss folk skulle ete sunnare, så må det sunne vere billeg og det usunne dyrt. No er det motsett, såg på prisen på rabbe(kålrabi) den var det samme som før, 26 kr.kiloet.
No skal eg slappe av med ein kaffikopp, så må eg jobbe litt meir med spanskleksa før eg set meg framfor TV-en.
Eg skal ikkje gå i detaljar om alle problema på data og telefon, men det tryggaste er viss de vil ha tak i meg, at de sender melding på Messenger. Eg kunne no prøve å "reparere" sjølv, men då kan det lett bli enda verre.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar