søndag, november 01, 2020

Dagbok 2020 :1.november

Klokka er no 16.20,temperaturen ute er + 10 grader og det regnar itt no og då. På føremiddagen var det opplett og fint, og temperaturen var minst +13 grader.Veldig bra for å vere november. På føremiddagen rusla eg litt rundt i huset,vatna blomstrar, tørka litt støv etc.Sat ei stund og strikka mens eg høyrde radio.Eg bestemte meg for å gå ein tur på vernet mens det var så fint-og lyst. I dag trefte eg fleire som eg kjenner. Eg gjekk ein runde med ei av dei, men syntest det vart for lite så eg tok ein runde åleine etterpå. Det gjorde godt å få bevege seg litt, knea er ikkje heilt å stole på, men det hjelper med mosjon.Det var ein nydeleg dag til å vere november. Då eg kom heim leid det så langt at eg begynte å lage i stabnd middagen, som var tacorestar frå i går.Eg kunne godt ha spart litt til i morgon også, men i staden tvinga eg i meg litt for mykje, men det går vel bra. No har eg sett på kaffien, for etter middag seig eg ned i godstolen og halvsov framfor TV-en. Så mykje har det ikkje skjedd i dag, men dette er no eit lite livsteikn, såpass de ser at det står bra til. Eg var fornøgd med at Knut Marius vann Stjernekamp; men det skulle no berre mangle. Eg ser "Skal vi danse" på hurtigspoling seinare på kveld, men eg synest ikkje det er SÅ spennande.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...