lørdag, oktober 10, 2020
Dagbok 2020: 10.oktober
Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 10 grader. Det er nydeleg vêr og det har det vore i heile dag.Sola skin framleis frå klår himmel.
Føremiddagen i dag rota eg delvis vekk, har to "maskinar" som ikkje oppfører seg slik eg vil at dei skal.Det var mykje fram og tilbake. Innimellom fekk eg stroke nokre klede.
Marit og eg skulle fare nedover og handle på Spar i 14-tida, og før den tid måtte eg dusje og vaske håret. Det var eit visst behov.
Eg hadde inga liste i dag, men greidde å få oppi eit par posar. Då eg kom heim åt eg middag. I dag hadde dei wraps på tilbud og eg kjøpte ein-som vart middagen i dag.
Etter eg hadde ete gjekk eg ein tur på Vernet. Eg var ikkje så veldig sprek i dag, så det vart pausar på eit par benkar. Det er så fint å vere ute og såpass høgt oppe at ein får fin utsikt. I dag starta eg med trappa, og talde trinna-det var 42.Når rekkverket kjem , blir det vel til at eg går meir ned trappa, no er det tryggast å gå opp.Til slutt gjekk eg på vegen langs Vernet, til eg kunne gå ned på asfalten.
No ser eg fram til at eg skal lage meg litt kaffi og slappe av med TV utover kvelden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:27.august
Klokka er no 18.43, temperaturen ute er +20 grader C. Det var litt vått på gata då eg stod opp, men resten av dagen har vi hatt sol og varme...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar