søndag, oktober 04, 2020
Dagbok 2020: 4.oktober
Klokka er no 15.45, temperaturen ute er + 15 grader C, det er skya, men opplett og fint. Søndagen er ikkje min favorittdag, for då kan eg ikkje for skam skuld halde på å styre på ute i hagen. Det er mykje anna eg kunne ha gjort-men ikkje alt fristar.
I dag sette eg meg til med spansk-leksa på føremiddagen. I går dreiv eg og tørka støv og då la eg merke til at kopar og messing var svært lite blanke og nypussa. Trur knapt eg har pussa sidan i fjor jul. Men i dag vart alt blankt og fint på ei lita stund. Eg har før agitert for eit spesielt pussemiddel. Eg heldt på ved kjøkkenvasken, og til slutt for eg over vaskane med pussesvampen. Det funka bra.
Eg har hatt på både oppvask-og klesvaskmaskinene i dag. Eg tok opp resten av fiskegratengen i dag, der var att to porsjonar, middag i dag og i morgon.Hadde middag kl 15.00 i dag-porsjonen var ikkje liten, for å seie det slik. Så det var bra at eg hadde mosjonert litt før eg åt. Tok ein runde på Vernet. Det er så fin utsikt over bygda der oppe, så eg tek nesten alltid bilde. Då får eg også med vêret og årstida. No når det er haust er det mange vakre fargar i naturen. For morgondagen har eg ikkje så mange planar, men om veret er bra, kan det bli meir klipping og ein tur på VØR med mange sekker hageavfall.
I dag gjekk er opp trappa, eg synest trinna er litt høge, men det blir betre når det kjem rekkverk, for det skal der bli!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar