tirsdag, oktober 06, 2020
Dagbok 2020: 6.oktober
Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 14 grader C og sola skin, det har vore fint i heile dag, men eg har ikkje vore ute. Kanskje tek eg ein liten tur om ei stund.
I dag var det trening frå 11-12. Marit og eg hadde planlagt å fare på apoteket for å få influensa - vaksine etter treninga. Då vi kom dit måtte vi trekke kølapp og så vart det mange spørsmål å besvare før vi fekk sette oss ned att og vente på tur. Eg kom først inn og etter eit lite intervju fekk eg endeleg sprøyta. Eg måtte sette meg ut att i apoteket og sitte i ro i 20 min. Så kom Marit inn og ho vart der lenge + at ho også måtte sitte i ro i 20 min. Vi hadde tenkt oss på kafé mens vi venta - men den gjekk ikkje.
Klokka var nærmare 14.00 då vi kom heim. Øystein og Solveig var komne før. Øystein mala utedøra eitt strøk. Han har tenkt å ta eitt til. Eg var veldig fornøgd med fargen, vi har hatt den same fargen ein gong før. Dei som ser nokre kvite kantar skal vite at det er maskeringsteipen.
Eg laga ei røre og steikte sveler på takka, det er lenge sidan den var framme. Dei skulle ikkje ha middag her, for dei hadde fårikål heime.
Har ikkje gjort noko ute i dag, men som sagt kan eg tenke meg å gå ein tur no snart. Imorgon er det spansk-kurs frå 11-13- og då må eg kunne leksa mi så eg får øve litt meir i kveld.
Det vart ein liten tur på Vernet i dag også, møtte diverse naboar på vegen og slo av ein prat.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar